Kristian's profilehjarteveven åt han Krist...BlogLists Tools Help

Blog


    November 03

    Albumslepp

    Då har SynKoke sluppe sitt debutalbum: "Hokjønn".  Skikkelig deilig!
    Det ser ut til at mottakinga er god:

    "Sjangeren spiller ingen rolle, bandsignaturen er markant, albumet solid balansert med varierte låter innenfor en tematisk helhet av urolig søken langs gode musikalske tema. Samspillet imponerer, det er en gjensidig uro i rytmeseksjon, saksofon, keyboards og gitar som skaper et forlokkende driv og kulminerer i Hauge-hylene."
    Helge Olsen i BT

    "Sjølv sympatiserer eg sterkt med dette prosjektet som kan vere improrockmusikkens svar på Side Brok eller liknande, på eit album som i mine øyre tonar ut i den beste sakrale låten, «Koral»."
    Roald Helgheim i Dagsavisen

    Fleire anmeldelsar er på veg. Og i mellomtida, kjøp albumet sjølv! På platekompaniet, itunes, Japan, Tyskland eller ein annan stad:)

    October 07

    Religion og krig

    Eg har byrja å studere historie, som eit støttefag til økonomien, foreløpig, kanskje vert økonomien støttefag til historia. I det verkelege livet er jo økonomien støttefag til historia, eller kanskje omvendt? Økonomien er jo studiet om menneskets grunnleggjande begjær. Jaja. Denne bloggen skulle handle om religion og krig. Det har jo seg slik at religion får skylda for det meste som har med krig å gjere. Det verkar faktisk som om folk flest meinar at religionen har skylda for krig. Etter at Richard Dawkins også gav religionen skylda, kjende eg den gode provokasjonen nådde ein viss varme som skapar tekst.

    Har du verkeleg så lite trua på mennesket? Trur du ikkje mennesket krigar i sin natur? Kva med dei minst religiøse samfunna i verden: Nord-Korea, Burma og Sovjetunionen? Det er jo dei som krigar mest. Trur du USA krigar grunna religiøse interesser? Religion og krig, ein dum påstand.

    Vi kan gå til korsfarartoga på 10-11-talet. Hadde det ikkje vore for venetianske handelsinteresser, så hadde ikkje desse krigstoga hatt gjennomslagskraft nok til å gjere store skaden. Men grunna at den moderne økonomiens vugge trenge gode handelsstøttepunkt i midtausten, vart korsfarartoga sterke. No er jo korsfararane i utganspunktet religiøse. Så også mange andre folk som krigar. Men, mennesket leitar jo etter partnarar for å krige. Slik blir religionen ein fin paraply å samle folk under. Hadde det derimot vore fråvær av religion, hadde sjølsagt menneska brukt andre paraplyar.

    Det finns nokre få krigar som i røyndomen er religiøse krigar. Fanatiske, grusommen krigar basert på trua om guds vilje for krig. Men menneska flest veit godt nok at sin gud ikkje har store ønske om drap. Desse krigane vil alltid vere ein minoritet blant verdas krigar.

    Og USA sine militær aksjonar handlar jo om olje.
    June 15

    Draumelivet!?

    Eg lever draumelivet, nesten. Fryktelig spennande er det i alle fall. Om eit par dagar dreg eg til Danmark med Ponygjengen til PUK studio. Der blir det ei veke med intens innspeling og albumlaging. Vi er handverkarar og kunstnarar. Når eg er tilbake derfra er tre låtar frå SynKokealbumet ferdigmiksa. Då skal vi sjå etter plateselskap til SynKoke. Stipendet for hausten 2009 er innvilga. Det blir nokre skikkelig fine økonomifag. Og eg var på MaxBo saman med min nyutdanna Lifecoacher og kjæreste for å sjå på må inventar til vårt nye investeringsobjekt. Bra liv!
    May 12

    Snart stipend

    No e d snart stipend. Merkelig med det. I vår he ej i følge det norske studiesystemet ikkje gjort mej fortjent til det. Men d e lett å argumentere for at ej he forjent d. Nok av grunna til å ikkje ta en(to) eksamen i blant. Likevel he vel dei fleste av oss kjent på at gode grunna ofte e god trøst, men ikkje så holdbare når fornuften inntek en. Ikkje d at ej står på den radikale sida som e totalt ufornuftig. Ej he jo tatt et fornuftig valg i vår, sia Pony the Pirate og SynKoke skal gi ut album i høst og livet som musiker... ja... Ka e livet som musiker? D e å våkne opp om morgenen og tenke: Ka skal en gjær i dag? Så finn en på nåkkå veldig kreativt som å leie ei bok på Deichmanske bibliotek: Europa 1300-1550 av Steinar Imsen. Eller å starte en musikkblogg. http://www.norwegian.blogspot.com, eller å kjøpe ei leilighet, eller... ja? ka da?


    April 20

    SynKokealbum

    SynKoke har no berre nokre timar igjen av studiosessionen hos Kato Ådland, dette blir et fantastisk livealbum spelt inn heilt etter våre eigne intensjonar, live innspelt punkjazz. Berre å glede seg:)
    April 08

    Visjonær påskeferie

    Livet smiler,
    framtida smiler.

    March 21

    Turnéen er over med Sony i lomma

    Siste konsert på turnéen er i kveld, den skal vi spele med platekontrakt i lomma. Noregs største plateselskap Sony BMG har vore interessert lenge, og no har vi ei god kontrakt som gir oss stor fridom. Hærleg.
    March 14

    Farlig hype

    Vi er hypa, det er berre å innsjå det. Mange tenker hype når det hører navnet Pony the Pirate. For eit par månader sidan forakta vi hypekulturen, og er no i ein posisjon der vi vert forakta grunna hypen, ikkje grunna musikken. Likevel er det jo slik at vi det nok er fleire som vert trufaste piratar grunna hypen, så ein kan ikkje klage for mykje. Det er betrevitarane som foraktar hype, betrevitarar som oss sjølve også kan finne på å vere i visse tilstandar. Ein sjølvransakelse må til. Vi har ingen interesse av å vere betrevitarar, ein hype er noko som vi ikkje har kontroll. Pony the Pirate er det samme no som for to månadar sidan. Og ep'en er snart utsolgt, vil du ha ein, må du vere kjapp.
    March 08

    Vi har vore i halve Norge!

    Østlandet, Trøndelag og Nord-Norge er over. Dersom vi ser bort fra alt stresset med å frakte musikkinstrument på fly var Nord-Norge fantastisk, tre veldig morsomme konserter! Men likevel må eg innrømme at det er vestlandet eg har mest forventningar til, gleder meg til fortsettelsen!
    February 22

    Femmer i Dagbladet og Aftenposten

    By:Larm er over, og det som er skjedd er vanskelig å fordøye. Vi trakk mest folk av alle, smekkfullt Rockefeller og fullt i Dagbladteltet. Absurd og kjekt! Og når anmeldelsene er gode og bransjefolka er overinteressert så er det berre å smile:  :)

    February 18

    By:Larm

    Då er det klart for by:larm-helg. Bak oss har vi to svært merkelige SynKokekonsertar, men også to gode SynKokekonsertar. No er det Pony the Pirate som gjeld ei god stund. 19 konsertar på ein månad, spennande! Forhåpentligvis blir høgdepunktet Rockefeller på fredag:)
    February 04

    Nytt liv

    Eg har fått eit nytt liv. Eg står ikkje lenger opp klokka 0900 (som at eg noko gong har gjort det...), men klokka 1200. Då et eg ein lang frukost, les dei siste mailane på Ponymailen, og reknar nokre mattestykke. Så blir klokka 1500 og øvingstid. Etter øving et eg havregrynsgraut eller pasta, fordi eg som vanleg ikkje får stipendet før i april... Uheldig. På kvelden er det konsert og lobbyverksemd, og då er klokka plutseleg 0200. Dagen vert avslutta med eit par slag Minions.

    Trur det skal gå bra med skulen. Og musikken går det jo veldig bra med:)
    I dag var det Sony som ringte. Dei vil ha råmiksen til minialbumet vår. Det vil Warner også ha.

    February 02

    Sliten, økonomiske utfordringer, godt humør

    Thats life you know!
    January 05

    Innspeling

    No går turen til Ortnevik i Sognefjorden. To veker med Pony the Pirate, kreativ prosess, nye hittar og ein ny ep. Før det skal vi møte p3 om to timar. Dette er den nye våren.
    December 20

    Juleferie

    Juleferien på Harøya er i gang. Lene er her nokre daga, det er stas:)
    Sit med nokre visjonære tankar om ei interiørbedrift, det blir nok eit stort konsern om ikkje lenge.

    December 12

    Bihulebetennelse

    Eg har fått bihulebetennelse. Det kjennes ved tett nase og sterkt trykk i panna, spesielt om ein beveger seg framover. Slikt skjer. Deilig med skulefri.

    December 11

    Innbrot

    Då har vi opplevd innbrot i leiligheten, medan eg var i Brighton. 3 laptoppar vart stolne, dei einaste som ikkje vart stolne er mine to. Heldig der. Verdiar til rundt 30000kr er borte, men eg mista berre eit pc-adapter.
    December 06

    Livsmeining hausten 08 + svada

    Det er dumt at det einaste faget eg skal ta til våren har undervisning på mandag og fredag. Faktisk veldig dumt. Dumt fordi mandag og fredag jo er ein form for utvidelse av helga som blir mykje brukt i musikkbransjen. Og musikkbransjen er i ferd med å sette sitt preg på livet.

    I dag er eg sjuk. Har vore meir sjuk enn vanleg i Oslo. Oslo er uvanlig. På ein dag ein er sjuk surfar ein på nettet, og tenker: Kvifor øver vi ikkje i dag?! Suksess er jo arbeid, ein må øve. Men, kvardagane ein øver tenkjer ein: Vi øver kvar dag, vi tek ei kortare øving i dag. Livet er ofte ei lengt etter det ein ikkje har.

    Eg er glad. Fordi eg har det bra. Det er ikkje ei selvfølge. Nærmare ein sensasjon. Men eg har fått inspirasjon og har tenkt å leve ut denne sensasjonen resten av livet. Inspirasjonen er Lene sitt livsgrunnlag, ho trur nemlig det er mulig å ha det bra kvar dag. Ja, ikkje berre mulig, men på grensa til normalt. Det er ein interessant påstand. Eg er inspirert til å ta valg kvar dag som legg grunnlag for eit liv ein har lyst å leve. Eg skal vere naiv. Supernaiv. Og ærlig, ikkje vere noko eg ikkje er. Livet er komplekst, tilfeldig og dermed uforutsigbart. At eg har muligheten til å ha det bra, har større verdi enn alt anna eg kan forstå. Å leve eit liv ein ikkje har lyst å leve er 100% smerte. Det er mulig det finnes verre ting enn det eg opplever som 100% smerte, men kva betyr det? Ei oppleving av maksimal smerte kan ikkje bli verre. Då betyr muligheten til å ha det bra 100% livsmeining. Denne takksemda over livsmeining er dermed verdt alt. Eg skal derfor ta vare på dette nye og forkaste det som ødelegg for den. Formål: Ta vare på verdier som gjer at ein har lyst å leve sitt eget liv. Eg er naiv. Det skal eg vere.