| Kristian's profilehjarteveven åt han Krist...BlogLists | Help |
|
August 23 Fint vær og høgt tempoDenne veka, og neste står ej opp klokka 0500 mandag til fredag. Det he ej aldri gjort før, og d føles ganske tidlig, at en må begynne kveldsstellet klokka 2000 for å rekke åtte timers søvn. Grunnen e 100% vaskejobb i tillegg til Økonomistudier. Ser ut til at det går bra, sjøl om nokre fag blir hengande litt i hengemyra. Men pengan e veldig kjærkomne!
SynKoke inntar Betong, den største klubbscena på Chateu Neuff i mårgåkveld. D blir veldig bra, etter ei øvingshelg der nye høgder vart nådd: Det låt bedre enn nåkken gang, så e vi fulle av sjølvtillit og mot. Vi e høgst klar over at låtan e på vei, men vi nærma oss å være godt fornøgd med heile settet. God følelse:) August 14 Fra lite til altLivet går av og til frå lav intensitet til høg på kort tid. Det er noko som inntreff livet mitt på fredag. Plutselig er eg Fulltidsstudent, 100% vaskejobb, tensingpianist, og SynKokepianist. Bra noko av det berre er for ei kort tid. For eksempel 100% vaskejobb. August 10 Fjelltur i TafjordfjellaDet må ha vore eit artig syn, då eg og Kjell Arne stavra oss ned den siste bakken etter 28 timars gange opp og ned i bratte Sunmørsfjell. 9,3 timar pr dag, høg vassføring og våte sko og lite mat førte til at dei siste timane var ei reine pinsle. Gnagsår, strekte leddband, vassblemmer, opphovna hofter, solbrend nakke, ømme fotblad, opplevinga av å komme fram til bilen var verd heile turen. Opplevinga av avslutta smerte er verd smerten sjølv. Det er rart med det. August 04 festførebuing i familien HarnesTo minutt til avreise, kaoset er totalt. 8 voksne og 3 barn kranglar om det eine badet, 14 smykke er prøvd, finskoa er litt for høghela, sveisen er heilt uforståelig for familiens stolthet, og midt i alt, kor er dressen til far?
Det rekk vi ikkje tenke på, ferga går, ett minutt til avreise!
:) August 01 Fin sommer!Sommarn he vore geografisk variert, økonomisk stabilt ustabil, sosialt givande og en fin opptur. En spesiell takk til vertskap i Bygstad(Kurt og Nils), Bergen(Sondre), Stord(Olaug Elin), Huglo(Lene), Herøy(Ingve), Kongshaug(Anker). Og reisevenner: Kurt, Nils, Erik, Silje-Marie, Henning, Ole.
Ka er livet uten dåkkå? |
|
|