| Kristian's profilehjarteveven åt han Krist...BlogLists | Help |
|
December 20 JuleferieJuleferien på Harøya er i gang. Lene er her nokre daga, det er stas:) Sit med nokre visjonære tankar om ei interiørbedrift, det blir nok eit stort konsern om ikkje lenge. December 12 BihulebetennelseEg har fått bihulebetennelse. Det kjennes ved tett nase og sterkt trykk i panna, spesielt om ein beveger seg framover. Slikt skjer. Deilig med skulefri. December 11 InnbrotDå har vi opplevd innbrot i leiligheten, medan eg var i Brighton. 3 laptoppar vart stolne, dei einaste som ikkje vart stolne er mine to. Heldig der. Verdiar til rundt 30000kr er borte, men eg mista berre eit pc-adapter. December 06 Livsmeining hausten 08 + svadaDet er dumt at det einaste faget eg skal ta til våren har undervisning på mandag og fredag. Faktisk veldig dumt. Dumt fordi mandag og fredag jo er ein form for utvidelse av helga som blir mykje brukt i musikkbransjen. Og musikkbransjen er i ferd med å sette sitt preg på livet. I dag er eg sjuk. Har vore meir sjuk enn vanleg i Oslo. Oslo er uvanlig. På ein dag ein er sjuk surfar ein på nettet, og tenker: Kvifor øver vi ikkje i dag?! Suksess er jo arbeid, ein må øve. Men, kvardagane ein øver tenkjer ein: Vi øver kvar dag, vi tek ei kortare øving i dag. Livet er ofte ei lengt etter det ein ikkje har. Eg er glad. Fordi eg har det bra. Det er ikkje ei selvfølge. Nærmare ein sensasjon. Men eg har fått inspirasjon og har tenkt å leve ut denne sensasjonen resten av livet. Inspirasjonen er Lene sitt livsgrunnlag, ho trur nemlig det er mulig å ha det bra kvar dag. Ja, ikkje berre mulig, men på grensa til normalt. Det er ein interessant påstand. Eg er inspirert til å ta valg kvar dag som legg grunnlag for eit liv ein har lyst å leve. Eg skal vere naiv. Supernaiv. Og ærlig, ikkje vere noko eg ikkje er. Livet er komplekst, tilfeldig og dermed uforutsigbart. At eg har muligheten til å ha det bra, har større verdi enn alt anna eg kan forstå. Å leve eit liv ein ikkje har lyst å leve er 100% smerte. Det er mulig det finnes verre ting enn det eg opplever som 100% smerte, men kva betyr det? Ei oppleving av maksimal smerte kan ikkje bli verre. Då betyr muligheten til å ha det bra 100% livsmeining. Denne takksemda over livsmeining er dermed verdt alt. Eg skal derfor ta vare på dette nye og forkaste det som ødelegg for den. Formål: Ta vare på verdier som gjer at ein har lyst å leve sitt eget liv. Eg er naiv. Det skal eg vere. December 03 Desember 2008Då har dette skjedd: Pony the Pirate har blitt intervjua av tv2, kjem førstkomande tirsdag rundt halv fem. Konserten med Pony på Mono skapte glede og engasjement hos Warner, Bpop og kanskje Lydverket? SynKoke gir ut et bra album til våren, og skal fronte Sogn og Fjordane på Fabrikken, Samfundet og Verftet i vår. Tre gode scener! Pony the Pirate gir ut EP i februar og album til sommaren. Er det i ferd med å skje det ein har jobba mot? |
|
|