| Kristian's profilehjarteveven åt han Krist...BlogLists | Help |
|
October 07 Religion og krig Eg har byrja å studere historie, som eit støttefag til økonomien, foreløpig, kanskje vert økonomien støttefag til historia. I det verkelege livet er jo økonomien støttefag til historia, eller kanskje omvendt? Økonomien er jo studiet om menneskets grunnleggjande begjær. Jaja. Denne bloggen skulle handle om religion og krig. Det har jo seg slik at religion får skylda for det meste som har med krig å gjere. Det verkar faktisk som om folk flest meinar at religionen har skylda for krig. Etter at Richard Dawkins også gav religionen skylda, kjende eg den gode provokasjonen nådde ein viss varme som skapar tekst. Har du verkeleg så lite trua på mennesket? Trur du ikkje mennesket krigar i sin natur? Kva med dei minst religiøse samfunna i verden: Nord-Korea, Burma og Sovjetunionen? Det er jo dei som krigar mest. Trur du USA krigar grunna religiøse interesser? Religion og krig, ein dum påstand. Vi kan gå til korsfarartoga på 10-11-talet. Hadde det ikkje vore for venetianske handelsinteresser, så hadde ikkje desse krigstoga hatt gjennomslagskraft nok til å gjere store skaden. Men grunna at den moderne økonomiens vugge trenge gode handelsstøttepunkt i midtausten, vart korsfarartoga sterke. No er jo korsfararane i utganspunktet religiøse. Så også mange andre folk som krigar. Men, mennesket leitar jo etter partnarar for å krige. Slik blir religionen ein fin paraply å samle folk under. Hadde det derimot vore fråvær av religion, hadde sjølsagt menneska brukt andre paraplyar. Det finns nokre få krigar som i røyndomen er religiøse krigar. Fanatiske, grusommen krigar basert på trua om guds vilje for krig. Men menneska flest veit godt nok at sin gud ikkje har store ønske om drap. Desse krigane vil alltid vere ein minoritet blant verdas krigar. Og USA sine militær aksjonar handlar jo om olje. |
|
|